Viser innlegg med etiketten Kristne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristne. Vis alle innlegg

torsdag 8. mars 2012

Kvardags kristen


La Gud gi deg ein ny gnist for kvar dag som går. Lev for Jesus Kristus vår Herre, vår frelsar.
Gi eit nytt liv til de som ikkje tror ved å leve med Jesus. Vær ein misjonær i område du er, bruk ord om nødvendig.

søndag 31. juli 2011

My sacrifice


Tenk du er under Jesu krossfestinga. Du er blant publikum, litt langt bak i rekkene og du ser Jesus henger der og du veit han henger der for deg, men du ser ham der langt vekke. Du snur deg og ser dine synder i menneskelige former.
Dei slår deg og trykker deg ned og seier til deg; "Jesus døy ikkje for deg, det han gjer er berre løgn. Vis ditt ansikt til oss så me kan vise deg realiteten". Du løfter dine augo mot dei, men istaden for at du ser dine synder, ser Jesus smiler til deg. Jesus er rett foran augo dine i same tilstand som han var på Krossen og seier;
"Dine synder har eg tatt bort. Du er fri, eg tok din plass i stede for deg. Tro på meg for dette har eg gjort for deg fordi vår Far elska deg så mykje. Han elska deg fysrt så du kan elska vår Far og meg. Ta imot min nåde, den er gitt til deg slik at du for tro på det eg gjorde for deg.
Eg elskar deg. Elskar du meg ?" Elsker du Jesus? Det gjer eg, fordi Han elska meg fyrst. Derfor kan eg også elska mine jordiske foreldre og søstre.

torsdag 17. mars 2011

Kven er du?

Du har ein kropp.

Kroppen består av eit hode, ein overkropp, to armer, ein underkropp, to bein og noko mellom beina.

Inni kroppen har med organer som blant anna, hjerne (som er i hode (sentralen)) hjerte (som pumper ut blod gjennom blodårer til alt som trenger forskjellige stoffer som ligg i blodet), nyrer, lever og lunger (som gir oksygen til alt som trenger oksygen).

Det som holder kroppen oppe er blant anna skjellet, muskler, sener, blod og luft.

Eg veit dette om kroppen, men ein lege kan forklare meir om, "anatomi????"



Men kven er du egentlig? Korleis blir får du kroppen til å fungere? Er det virkelig du som styrer kroppen din? Det står skrevet:

"Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning." 1 Mosebok 2:7

Her er svare. Gud skapte deg. Gud gav deg ein ande i kroppen han skape frå mold av marka. Anden er av Gud, slik lever du i Gud og Gud i deg, men men men. Gud er syndfri, 3x hellig, kjærlig, rettferdig og tåler ingen synd. Syndefallet. Me mennesker som er skapt av Gud sto opp mot vår skaper fordi me ikkje klarte å stå imot freistinga til å bare ete eit eple Gud gav forbud mot. Gud klarte ikkje å sjå på oss syndige menneske lenger. Han elsker oss så høgt fordi han skapte oss i sitt bilete. For det står skrevet:

"Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt." 1 Mosebok 1:26-31a

Gud hadde allerede ein plan. Frelsen. Gud sa i det gamle testamentet til Abraham, David, Jakob og alle Israels barn. Det skal komme ein frelser og frelseren kom i menneskeskikkelse med Guds reine ande. For det står skrevet i Jesaja 9:7:

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.

Dette som er komen til oss er Guds egen son, Jesus Kristus. Jesus døyde for mine og dine synder. Han tok straffen eg og du skulle ha hatt. Jesus blei forlatt av Gud på Golgata og for ned til dødsriket med dine og mine synder, men dødsriket har ingen makt over Jesus. Derfor kunne Jesus ta nøkkelen og gå ut porten frå dødsriket. Døden har ingen makt over dei som er i Jesus Kristus lenger. Johannes skreiv i evangeliet: Johannes 3:16:

"For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

Jesaja 53:5:

"Men han ble såret for våre overtredelser og knust for våre misgjerninger. Straffen lå på ham for at vi skulle ha fred, ved hans sår har vi fått legedom."

fredag 3. desember 2010

Takk


Takk for fine stunder,
slik at me fikk gode blunder.
Takk for dei flotte ord,
som du gav til alle små og stor.
Takk for all den forbønn,
for at alle skulle få del i Guds sønn.
Venta på Herren!
_
Ver ved godt mot,
og la ditt hjarta vera sterkt!
Ja, venta på Herren!
"Sal 27:14"

onsdag 3. november 2010

Utbrent?

Har du nokon gong følt deg utbrent? Det er ikkje noko godt å vera utbrent. Ein treng påfyll, eller treng å få ei ny gnist. Livet er som ein fyrstikk, ein fyrstikk treng ein ny gnist for å fyr. Livet vårt er som ein veldig lang fyrstikk. Den vil bli blåst ut av djevelen medan Jesus tenner på fyrstikken igjen. Ein fyrstikk gir lys, eit lys me skal gi videre til andre som ikkje har høyrd om Jesus Kristus. Jesus er verdens lys og det er Den Heilage som bringer den ut til folket. Det er vårt valg om me vil ta i mot denne gava. Dei som har fått dette lys må bringe dette lys til andre.



La oss bli fornyet i Kristus Jesus. La oss få ein ny gnist til å leve til ære for vår Herre.

torsdag 7. oktober 2010

Å du som metter?

"Å du som metter liten fugl, velsign vår mat o Gud. Amen.", "Gledens Herre vær vår gjest, ved vårt bord i dag. Hør vårt måltid ved din røst etter ditt behag. Amen."

Det nokre av sanger vi synger for maten, men har du tenkt over det me synger? Er det bare fordi det er ein tradisjon før me eter? Det blir ein rutine og synge eller be for maten. Stopp ein hall, skal me ikkje be for maten? Jo, det er nettopp det me skal. Ikkje bare ramse opp "Å du som metter ..." Neste gang du ber for maten, be med ditt hjarta. Ikkje ramsa opp mat bønen eller ramsa opp mat sangen. Be med din kraft opp til Herren. Det han som skal høre den, ikkje dei andre rundt deg.

Ein heim å koma til


Det er godt å ha ein heim å koma til. Det er ikkje alle som har ein heim å koma til, nokon må bu under bruer medan andre bur under open himmel. Det er ikkje lett når det regnar. Det er ein heim å koma til får alle dei som tror på at Herren døde og sto opp for oss. Då skal me få koma heim til vår Far i himlen når vår ti er rede. Herren vil at alle skal få koma heim, men det er ikkje slik. Det er dei som ikkje vil ta imot Hans frelse. Dei får ingen heim å koma til, får når dei innsjår dette er tida omme. Døra til heimen er låst. Får oss som lev på denne jord er døra open og alle kan koma heim. Det er vårt val om å koma heim til vår Far i himlen eller vil gå vår veg. Er du ein av dei som vil koma heim eller er du den som ikkje vil det? Det er ditt val. Ikkje kom for seint for vår Far ventar ikkje i all æve på deg.

lørdag 18. september 2010

Til daglig

Det er bra å gå på møter, gå i kyrkjer og det er bra å lese bibel. Men når me gjer det kan me kalla oss sjølv kristne? Nei, det kan me ikkje. Ein blir kristen ved å tro på den heilage Gud som gav sin nåde til oss ved å senda sin einaste son til oss. For at han skulle ta våre synder på seg og utslette dem. "For av nåde er de frelst ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve." Ef. 2:8.
Bli ein kvardags kristen å gå i felleskap med dine venner for å snakke om Jesus. Bli med Jesus åleina også for å bli utrusta til kamp mot Djevelen.

søndag 25. juli 2010

Oppfordring til alle Kristne

På ein fin sommar dag kan me ta oss ein tur ut av huset med bibelen i handa, væske eller tur sekk. Finn deg ein plass og les nokre vers eller kapitler. Nyt den flotte naturen, treng ikkje akkurat sitte i sola, men dei som likar det kan gjøre det. På ein regnværs dag kan ein sitte inne og lese bibelen, der etter kan man sjå på korleis været er ute.

Ha alltid med deg bibelen. Ikkje la den ligge heima for ikkje å bli lest i kvar dagen. Å ha bibelen med seg er å ha Gud med seg. Sjølvsagt er han med om du ikkje har bibelen med, men har du bibelen med er det bevis at du vil ha noko med Gud å gjør. Bibelen er Guds ord og bli ein kvar dags kristen, ikkje møte kristen, søndags kristen, men kvar dags kristen.

fredag 11. juni 2010

Krossen


Tenk for deg krossen som Jesus døde på. Det ein lang bjelke som står rett opp og ned. Slik ser Gud på oss. Han ser ned på oss syndige mennesker. Gud likte ikkje det han såg og bestemte seg for å sette ein strek over dette. Jesus. Streken er den bjelken som blir lagt på den andre bjelken slik at dei kryssar. Slik ble krossen til. -*- blir +. Krossen var der for å vise oss verdig for Gud gjennom Kristus Jesus. 

lørdag 5. juni 2010

Guds Tempel

Kroppen vår er Guds heilage tempel. Ikkje fyll det opp med søppel. Kroppen din er heilag og det skal være fylt av Den Heilage Ande slik at Jesus Kristus kan komme inn og hjelpe deg i din nød. Når du har Jesus i ditt hjerte ser ikkje Gud dine synder lenger, for han ser Jesus som er syndfri. Eit tempel skal være slik det tempelet som Salomo reiste. Det som er forskjell i eit slikt tempel i dag er at forhenget er revnet mellom det heilagst og det allerheilagste. Jesus har åpnet vegen til Gud. For Jesus seier "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan åt meg." Ikkje fyll ditt tempel med gull, edelsteinar eller anna enn Den Heilag Ande.

lørdag 22. mai 2010

Om morgen

Morgen



Når ein står opp om morgonen kan me sjå om det blir flott vér eller dårlig vér. Menneskjer kan lage flotte kunstverk. Sjå på naturen, dette er Guds kunstverk og han laga noko betre enn naturen. Gud laga oss i sit bilete. Me er hans mest flotte kunstverk i heile verda.

tirsdag 11. mai 2010

Elden

Sjå på elden, kva er det du ser? Elden dansar, elden leikar og elden sprer seg. Kvifor skal ikkje me kristne gjøre det samme? La oss brenne for Guds ord og spre over heile jordas overflate. Det er mykje folk som ennå ikkje har høyrd Guds ord. Lat oss kristne spre Guds ord slik at Ordet kan koma til dei som ennå ikkje har høyrd det. La oss som er kristne ikkje falla ifrå, men at Guds ord får brenna seg fast i hjarto våre.

Kva er eld?

Definisjonen:

Eld er ein hastig, sjølvforsterkande oksydasjonsprosses, der brensel frigjer brennbare gassar. Prosessen kan komme i gang ved at brenselet vert varma opp av ei energikjelde, t.d. eit lyn eller ein gneist, og han vert sidan halden vedlike av sin eigen frigjering av energi så lenge tilgangen på brensel og oksygen er tilstrekkeleg til å halde temperaturen oppe.

Symbolisk:
Elden er, ved sida av vatnet, i kristendommen eit symbol på reinsing, knytt til Den Heilage Ande.

Lyset i elden:
Flammen er ei blanding av termisk stråling frå sot, gass og brenselspartiklar og fotonstråling utsend ved gassreaksjonar. Stålinga vert send ut både som synleg og infraraud stråling. Fargen avhenger av temperaturen i partiklane og strålingsspekteret til materialet som brenn: Dersom brenselet inneheld natrium vert flammen gul, inneheld det koppar vert flammen grøn, og inneheld det kobolt vert han blå.

søndag 9. mai 2010

Natur

Gud har laga naturen slik som den er. Flotte blomster, trær, fjell, busker og planter. Ikkje minst har me flott undervannsliv. Mykje flotte fisker, vann dyr, land dyr og luftens fugler. Å sjå på denne naturen er så fantastisk. Kvifor dreper vi denne flotte naturen? Er det for at vi er over dette? Gud skapte naturen slik at me skal forvalte den og så på nytt det som dør. I dag så dreper me naturen ved å hogge ned trær, sprenge hull i fjell og slippe ut farlige gasser som dreper livet på jorda, i havet og i himmelen. Av alt som skjer lager menneskjene til og med bomber og granater som øydeleg naturen, dreper dyra og dei drep også menneskja som ikkje kan forsvare seg mot verda.


"Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg først. Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut av verda. Difor hatar verda dykk. Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfølgt meg, vil dei forfølgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei òg halda fast på dykkar ord." Joh 15:18-20

torsdag 6. mai 2010

Kva er det du vil?

Kva er det du vil med meg Gud?
«Kom, følg meg,
så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
Matt 4:18
Kven er eg?
"Og no, så seier Herren,
han som skapte deg, Jakob,
og laga deg, Israel:
Ver ikkje redd!
Eg har løyst deg ut
og kalla deg ved namn, du er min."
Jes 43:1
Kvifor vil du at eg skal leva Gud?
"Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn,
at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer,
til glede for Gud.
Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
Og innrett dykk ikkje etter denne verda,
men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn
og kan dømma om kva som er Guds vilje:
det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk:
Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv,
men bruk forstand og ver sindig!
– kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han."
Rom 12:1-3

onsdag 5. mai 2010

Rasisme, Homofil

Kva tenkjer du på når du høyrer om rasisme og homofil? Kvifor har du noko i mot rasisme og\eller homofil? Kva talar Gud ord om dette? Om rasisme og homofili talar ordet sterk om dette:
"Da sa Gud: «La oss skape mennesker i vårt bilde, som et avbilde av oss! De skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen, over feet og alle ville dyr og alt krypet som det kryr av på jorden.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilde, i Guds bilde skapte han det, til mann og kvinne skapte han dem. Gud velsignet dem og sa til dem: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorden!»" 1. Mos. 1:26-28

mandag 3. mai 2010

Noreg i dag

Slik er Noreg i dag. Kristne faller frå. Dei setter seg på rompa og glor på TV, PC eller spelar på PS3 og lignande. REIS DYKK OPP, bli svare på Noregs misjonærar innanlands, ikkje berre utenlands misjonærar. Dei få me har sendt ut svarer på kallet sitt, mens me i Noreg sitter på rompa og glor ein anna veg. "Kvar lenge skal du ligge du late, når vil du våkne og stå opp." Ordsp. 6:9
Brenn for Jesus Kristus slik dei forfulgte kristne gjør. La dykkar hjartor få Jesus gnisten til å flamme opp. Vis at Noreg kven Jesus Kristus Gud's son er. Han er og var, ja den same til evig tid. REIS DYKK OPP.

fredag 30. april 2010

Livet

Kva er det ein treng for å leva?
Kvifor skal ein leva?
Kva er meininga med å leva?
Kva vil du med livet ditt?
(=)
For å leva treng du vann, mat (åndelig og kjødelig) og søvn.
Ein skal leva med håp om eit bedre liv. Ein skal leva i tro på at Jesus skal koma at. Ein skal leva med kjærlighet til kvarandre slik Jesus elska oss.
Meininga med livet er å få ut ordet om at Jesus er Kristus vår frelsar. Gjøra andre bevisst på Gud, Jesus Kristus og Den Heilage Ande. Alle har forskjellige måtar å gjøra det på. Nokon forkynner, nokon lovsynger, nokon trøystar, nokon gjør det gjennom idrett og nokon har andre måtar å gjøra andre bevisst.
Det siste spørsmålet må du besvare sjølv.
"For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren,
fredstankar og ikkje ulykketankar. Eg vil gje dykk framtid og von"
Jer. 29:11