torsdag 6. mai 2010

Kva er det du vil?

Kva er det du vil med meg Gud?
«Kom, følg meg,
så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
Matt 4:18
Kven er eg?
"Og no, så seier Herren,
han som skapte deg, Jakob,
og laga deg, Israel:
Ver ikkje redd!
Eg har løyst deg ut
og kalla deg ved namn, du er min."
Jes 43:1
Kvifor vil du at eg skal leva Gud?
"Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn,
at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer,
til glede for Gud.
Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
Og innrett dykk ikkje etter denne verda,
men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn
og kan dømma om kva som er Guds vilje:
det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk:
Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv,
men bruk forstand og ver sindig!
– kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han."
Rom 12:1-3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar