tirsdag 11. mai 2010

Kva er eld?

Definisjonen:

Eld er ein hastig, sjølvforsterkande oksydasjonsprosses, der brensel frigjer brennbare gassar. Prosessen kan komme i gang ved at brenselet vert varma opp av ei energikjelde, t.d. eit lyn eller ein gneist, og han vert sidan halden vedlike av sin eigen frigjering av energi så lenge tilgangen på brensel og oksygen er tilstrekkeleg til å halde temperaturen oppe.

Symbolisk:
Elden er, ved sida av vatnet, i kristendommen eit symbol på reinsing, knytt til Den Heilage Ande.

Lyset i elden:
Flammen er ei blanding av termisk stråling frå sot, gass og brenselspartiklar og fotonstråling utsend ved gassreaksjonar. Stålinga vert send ut både som synleg og infraraud stråling. Fargen avhenger av temperaturen i partiklane og strålingsspekteret til materialet som brenn: Dersom brenselet inneheld natrium vert flammen gul, inneheld det koppar vert flammen grøn, og inneheld det kobolt vert han blå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar