søndag 6. juni 2010

Offiseren

Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum. Ein offiser der i byen hadde ein tenar som han sette svært høgt. Denne tenaren var så sjuk at det stod om livet. Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han. For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.» Og Jesus gjekk med dei.

  Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak – difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min god att! For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: 'Gå!' så går han, og til ein annan: 'Kom!' så kjem han, og til tenaren min: 'Gjer dette!' så gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som følgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne ei slik tru.» Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

Luk. 7:1-10

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar