lørdag 5. juni 2010

Eit sennepsfrø

 «Ein såmann gjekk ut for å så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger. Den som har øyre, høyr!» Matt 13:3b - 9

"Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen. Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå. Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: noko hundre, noko seksti, noko tretti gonger det som er sådd.»" Matt 13:18 - 23


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar