onsdag 9. juni 2010

Bønn

Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. Slik skal de be:

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
[For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.]
Matt. 6:7-13

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar