torsdag 16. september 2010

I begynnelsen

1 I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hos Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til 4 i han, var liv, og livet var lyset for menneska. 5 Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.

6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

9 Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
"Johannes 1:1-13"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar