søndag 24. april 2011

Han er Oppstanden

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 'Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.'» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. Men dei tenkte det var laust snakk og trudde dei ikkje. Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.

Jesus syner seg for Emmaus-vandrarane
Same dagen var to disiplar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, og dei tala med kvarandre om alt det som hadde hendt. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att. «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg. Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.» «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han. Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende, og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»
Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare. Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei. Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?» Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,
og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.» Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet. Jesus syner seg for disiplane Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa:
«Fred vere med dykk!» Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar?
Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» [Så synte han dei hendene og føtene sine.] Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?» Dei gav han eit stykke steikt fisk, og han tok det og åt medan dei såg på.

Oppdrag og avskil
Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.» Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.

Luk. 24:1-53

fredag 22. april 2011

Langfredag

Jesus blir korsfestet
Så førte de ham bort. På veien grep de tak i en mann som kom inn fra landet, Simon fra Kyréne. De la korset på ham for at han skulle bære det etter Jesus. En stor folkemengde fulgte med, blant dem mange kvinner som jamret og gråt over ham. Men Jesus snudde seg mot dem og sa: «Jerusalems døtre! Gråt ikke over meg, men gråt over dere selv og barna deres. For det kommer dager da folk skal si: 'Lykkelige er de barnløse, de morsliv som ikke fødte, og de bryst som ikke ga die!' Da skal de si til fjellene: 'Fall over oss!' og til haugene: 'Skjul oss!' For gjør de slik med det grønne treet, hvordan skal det da gå med det tørre?»
Også to andre forbrytere ble ført bort for å bli henrettet sammen med ham. Og da de kom til det stedet som heter Hodeskallen, korsfestet de både ham og forbryterne der, den ene på høyre side av ham og den andre på venstre. [Men Jesus sa: «Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.»] Så kastet de lodd om klærne hans og delte dem mellom seg. Folket sto og så på, men rådsherrene hånte ham. «Andre har han frelst,» sa de, «la ham nå frelse seg selv dersom han er Guds Messias, den utvalgte!» Også soldatene hånte ham. De kom og rakte eddikvin opp til ham og sa: «Er du jødenes konge, så frels deg selv!» For det var satt en innskrift over ham: «Dette er jødenes konge.»
En av forbryterne som hang der, spottet ham også og sa: «Er ikke du Messias? Frels da deg selv og oss!» Men den andre irettesatte ham og sa: «Frykter du ikke Gud, enda du har samme dom over deg? For oss er dommen rettferdig, vi får bare igjen for det vi har gjort. Men han har ikke gjort noe galt.» Så sa han: «Jesus, husk på meg når du kommer i ditt rike!» Jesus svarte: «Sannelig, jeg sier deg: I dag skal du være med meg i paradis.»

Jesus dør
Det var allerede omkring den sjette time. Da falt det et mørke over hele landet helt til den niende time, for solen ble formørket. Forhenget i tempelet revnet etter midten, og Jesus ropte med høy røst: « Far, i dine hender overgir jeg min ånd!» Da han hadde sagt det, utåndet han. Men da offiseren så det som hendte, priste han Gud og sa: «Denne mannen var sannelig rettferdig!» Og folkemassene som hadde samlet seg for å se på, slo seg for brystet da de så det som skjedde, og vendte hjemover. Men alle de som kjente ham, sto på avstand og så på. Blant dem var også de kvinnene som hadde fulgt ham fra Galilea.

Jesus blir gravlagt
Nå var det en rådsherre ved navn Josef, en god og rettskaffen mann, som ikke hadde vært med på det de andre hadde vedtatt og satt i verk. Han var fra Arimatea, en by i Judea, og han ventet på at Guds rike skulle komme. Han gikk til Pilatus og ba om å få Jesu kropp. Og Josef tok Jesu kropp ned, svøpte den i et linklede og la ham i en grav som var hogd ut i bergveggen, og som det ennå ikke var lagt noen i. Det var forberedelsesdagen, like før sabbaten begynte.
De kvinnene som var kommet med ham fra Galilea, fulgte etter. De så graven og hvordan Jesu kropp ble lagt der. Så gikk de hjem og laget i stand velluktende oljer og salver. På sabbaten holdt de seg i ro, som loven krevde.
Luk. 23:26-56

torsdag 21. april 2011

Innstiftinga av nattverden

Det siste måltidet



Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast. Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.» «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei. Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i, og så skal de seia til han som eig huset: 'Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med disiplane mine?' Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.» Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.



Nattverden



Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. Menneskesonen går bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!» Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.



Luk 22:7-23