mandag 23. august 2010


Kjære Gud når eg bed, lat min tanke kvile i fred
frå alt stress i verda omkring, og all uro for daglege ting.
Lat din kjærleik få trengje seg inn, slik at han kan forandre mitt sinn.
Lat oss alle som trur på ditt ord, vera saman i bøn for vår jord.
_
Hjelp meg, Gud, til å gi både pengar, arbeid og tid
i den tenesta der eg er sett, slik at eg kan forvalte den rett.
Gi meg kraft til å dele mitt brød med dei menneska som er i nød.
Hjelp meg søkje fornying og fred. Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar