søndag 2. januar 2011

I ophavet

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så. Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
1 Mos 1:1-8

1 kommentar:

  1. Det tøffe er at Gud skapte natt og dag på dag én.. også skapte han solen og månen på dag tre.. får ikke den til å stemme helt ;)

    SvarSlett