fredag 8. juni 2012

Gal. Kap. 6:1-18


Ansvar for andre og for seg sjølv
6Brør, skulle einkvan verta gripen i eit feilsteg, så må de som lever ved Anden, hjelpa han til rettes. Men gjer det med varsemd, og akta deg sjølv, så ikkje du òg vert freista. 2 Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov. 3 Den som trur han er noko, men ingenting er, han lurer seg sjølv. 4 Kvar skal prøva si eiga gjerning. Han skal ha si ros av det han sjølv har gjort, og ikkje sjå på dei andre. 5 For kvar skal bera si eiga bør. 6 Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. 7 Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8 Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden. 9 Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua.

Sluttord
11 Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk! 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! 17 Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar