onsdag 10. august 2011

Rom 16:17-20

Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei! Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet. Men alle har høyrt om lydnaden dykkar, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det gode og uskuldige i det vonde. Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar